Astrid A. Aubert (t.h.) fekk tildelt Målprisen av leiaren i Nordmøre Mållag, Ingrid Kjønnøy.

Flott årsmøte i mållaget

Laurdag 15. mars heldt Nordmøre Mållag årsmøte i Halsa. Møtet vart gjennomført i trivelege omgivnader, og Halsa Heimbygdlag hadde lagt til rette for ei fin ramme rundt arrangementet.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det to høgdepunkt som stod sentralt.

Astrid Asheim Aubert vart tildelt Målprisen for 2024 for sitt framifrå arbeid med årboka «Du mitt Nordmøre» frå 2011 til 2024. 

Fjorårets vinnar, Einar Oterholm, fortalde om boka «Smørmeieria i Rindal», ei bok som har kasta lys over eit lite utforska tema.

Årsmøtet gav òg rom for diskusjonar om handlingsplanar, både for Nordmøre Mållag og for Noregs Mållag.

Det nye styret i Nordmøre Mållag består av:

  • Marianne Følsvik
  • Einar Oterholm
  • Svein Sæter
  • Olav Bjørn Nilssen
  • Ingrid Kjønnøy (leiar)

Målprisvinnar Astrid Asheim Aubert fekk i tillegg til diplom og heiderleg omtale, eit keramikkfat med handmalt motiv, laga av Sigrid Hesjehagen frå Halsa.

Einar Oterholm fortalde om boka si, «Smørmeieria i Rindal».
Powered by Labrador CMS