Leiar Jon Samuel Håbrekke i Fosna Mållag.

Fosna Mållag i vekst etter Jon Fosse-år

Det eldste mållaget på Nordmøre er også klar for 125-årsjubileum i 2026.

Publisert Sist oppdatert

Fosna Mållag opplever auka interesse for nynorsk etter at Jon Fosse blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. 

Dette gjenspeglast i medlemsauken, som held fram med å stige. På årsmøtet, som blei halde 13. februar, kom det fram at laget no har 37 betalande medlemer. 

– Det er fem fleire enn i 2023 og åtte fleire enn i 2022, fortel leiar Jon Samuel Håbrekke til NP.no.

Laget har lange tradisjonar og vart skipa i 31.12.1901, noko som gjer det til det eldste mållaget på Nordmøre. 

I 2026 kan Fosna Mållag feire 125-årsjubileum, og årsmøtet har allereie vedteke at dette skal markerast.

Aktivt arbeid for nynorsken

Fosna Mållag er eit lokallag av Noregs Mållag, som arbeider for å fremje nynorsk som eit levande og likestilt skriftspråk i Noreg. 

Nynorsk er eitt av dei to offisielle skriftspråka i Noreg, ved sida av bokmål. Det er basert på dei norske dialektane, og om lag 10-15 % av befolkninga i Noreg har nynorsk som sitt hovudmål.

Fosse-effekten

Interessa for nynorsk har fått eit oppsving etter at forfattaren Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur i 2023. Fosse skriv på nynorsk, og er ein viktig ambassadør for språket. Fosna Mållag har nytta merksemda rundt Fosse til å auke medlemsmassen og engasjementet for nynorsk i regionen. Mellom anna var dei med på å kjøpe inn førestillinga «Fosse for dumskallar» med Linda Eide og Nils Hjeltnes, som vart vist i Kulturfabrikken i Kristiansund laurdag 16. november 2024.

Nye lover og gåver til barnehagar

På årsmøtet vart det vedteke ei ny lov for laget, som presiserer at Fosna Mållag har som mål å samla målfolk i Kristiansund og Averøy til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område. Som ei følgje av dette har laget no om lag like mange medlemer på Averøy som i Kristiansund.

Fosna Mållag har òg vedteke å kjøpe inn ti eksemplar av boka «Blåklokka, Haren og Morfar – Tre historier» av Janne Kristin Lid, illustrert av Rita Backer Hjorthaug (frå Kristiansund) og Åshild Hansejordet. Bøkene skal delast ut til barnehagar i Kristiansund og Averøy.

«Blåklokka, Haren og Morfar – Tre historier»

Nytt styre

Etter årsmøtet har Fosna Mållag dette styret: Jon Samuel Håbrekke, leiar. Borghild Moe og Anne Marit Strøm er styremedlemer med Bjørn Anmarkrud og Liv Krumsvik som varamedlemer.

Powered by Labrador CMS