KRONIKK

Mobbeombod Kristin Øksenvåg (t.v.) og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø (t.h.)

Ufrivillig skolefråvær – system error?

Kronikken er skrive av mobbeombod for barnehage- og grunnskole i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg, og elev- og lærlingombod for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, Tove Regine Stranden Hammerø.

Ufrivillig skolefråvær er eit aukande problem som rammar mange elevar og deira familiar. Gjennom møte med elevar, foreldre, skular og hjelpesystem i Møre og Romsdal, har vi ombod erfart at fråværet ofte startar lenge før elevane sluttar å møte opp på skulen. Teikn som uro, diffuse plager og låg meistringskjensle blir ofte oversett. Når samarbeidet mellom skule og heim sviktar og elevane ikkje blir tatt på alvor, forverrar situasjonen seg. Denne kronikken belyser nokre utfordringar omboda ser knytt til handteringa av ufrivillig skolefråvær, og peikar på ulike tiltak vi ser som nødvendige for å sikre at alle elevar får den støtta dei treng.

Omboda erfarer

Elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø

I møte med elevar, foreldre, skole og hjelpetenester gjer vi oss som ombod fleire erfaringar som vi tenkjer kan vere nyttige å dele. Vi ser mellom anna:

• Skolefråværet startar før elevar blir borte frå skolen. Når elevar viser teikn på at det å gå på skolen er vanskeleg eller ikkje opplevast som trygt, må alarmklokka ringe. Slike teikn kan for eksempel vere at eleven gruar seg, har diffuse plager utan å vere sjuk, har låg meistringsfølelse, viser motstand og engstar seg for å gå på skulen, kjenner på einsemd eller har sensoriske eller eksekutive vanskar. Ofte er det foreldra som fyrst oppdagar desse teikna, og dei må melde bekymring vidare til skolen. Så må skolen ta dette på alvor og samarbeide med eleven og foreldra for å finne ut kva ein kan gjere for å at det skal vere trygt for eleven å gå på skolen og at fråvær ikkje utviklar seg. Allereie her ser vi at samarbeidet kan bli utfordrande. Det kan vere at skolen ikkje tek foreldra på alvor, eller at skolen ikkje har rutinar for korleis dei skal følgje opp slik informasjon frå foreldre eller elevar.

• Elevane opplever at dei ikkje blir tatt på alvor og forstått av vaksne. Elevane ønskjer trygge vaksne som lyttar til dei og som prøver å forstå dei. Om elevane ikkje opplever dette mistar dei tillit og sluttar å fortelje, og konsekvensen blir ofte at dei som skal hjelpe ikkje har nok informasjon til å setje inn tiltak som treff.

• Forståing og haldningar blir grunnlag for handlingar. Vi ser tydeleg at kva for forståing og haldningar fagpersonar har til skolefråværsproblematikk har stor innverknad på korleis elevar blir møtt, forstått og støtta i skolen og hjelpesystemet. Vi har dei seinare åra både gjennom forsking og erfaring fått god kunnskap om ulike årsaker til at elevar strevar med å gå på skolen (1). Det er ei felles forståing av at ufrivillig skolefråvær er eit symptom på at noko ikkje er som det skal. Det har ofte fleire og samansette årsaker, men vi må alltid sjå fråværet i samanheng med skolemiljøet; eleven sin trivsel, tryggleik og faglege og sosiale meistring.

• Elevane faller mellom fleire stolar i hjelpesystemet. Velferdstenestene skal sørgje for at barn og unge som treng det skal få rett hjelp til rett tid (2). Elevar og foreldre opplever at det er vanskeleg å få tilpassa hjelp og støtte når eleven har utvikla fråvær. I fleire av sakene vi er involverte i, har barn og unge behov for eit samansett tenestetilbod, og kommunen si samordningsplikt er utløyst.

• Det er uklart kven som er på «laget rundt barnet». «Laget rundt barnet» er eit omgrep som ofte blir brukt når det er tverrfagleg samarbeid rundt barn og unge. Omboda etterspør ofte kven som er på dette laget og kva rolle og ansvar dei ulike «lagspelarane» har. I fleire tilfelle ser vi dessverre eit lag, eller eit system, som ikkje er rigga for elevar som av ulike årsaker ikkje får til å gå på skolen. Vi ser ulovleg lang ventetid hos fleire PP-tenester i fylket. Vi ser slitne kontaktlærarar som meir eller mindre aleine får ansvaret for å følgje opp elevar med skolefråvær og samarbeidet med foreldra. Vi ser skolar som gjerne vil, men som ikkje følgjer opp tiltak som er bestemt. Vi ser avmakt og partar som peiker på kvarandre. Vi ser elevar som har gitt opp.

Ny oppfølgingsplikt - frå system error til system suksess?

Mobbeombod Kristin Øksenvåg

Den nye opplæringslova pålegg kommunen og fylkeskommunen ei plikt til å følgje opp elevar som har fråvær frå opplæringa. Lova gir eit stort handlingsrom, og kommunen og fylkeskommunen avgjer sjølv korleis elevane skal følgast opp.

Kommunen og fylkeskommunen må omsette lova om oppfølgingsplikta til ein praksis som gagnar elevane. Dette er noko omboda kjem til å følgje godt med på dette skoleåret. Skal ein få bukt med ufrivillig skolefråvær, må kommunen og fylkeskommunen ha gode system og rutinar for registrering av ulike typar fråvær, for avdekking av årsaka til fråvær og oppfølging av elevar med fråvær. Like viktig er det at oppfølgingsplikta rettar fokus på eit systematisk og kontinuerleg nærværsarbeid i skolane og sørgje for at skolane har kompetansen og kapasiteten som skal til for å lukkast. Nærværsarbeid omfattar kort sagt alt som går føre seg i skolen og gjeld alle tilsette.

God praksis i arbeid med ufrivillig skolefråvær

Gjennom arbeidet vårt, får vi også innblikk i kva som kan vere god praksis i møte med ufrivillig skolefråvær. Her er nokre eksempel:

  1. Fangar opp tidlege teikn og tek dei på alvor

Lærarane og andre tilsette er tett på elevane og samarbeider godt om dei, er nysgjerrige, følgjer godt med på korleis eleven har det fagleg og sosialt og fangar opp små teikn eller endringar. Det er låg terskel for elevar og foreldre å ta kontakt med kontaktlærar og andre fagfolk på skolen, og ein blir møtt på ein ikkje-dømande måte og lytta ordentleg til. Ingen sit med fasiten i slike saker, og ein er derfor gjensidig avhengig av kvarandre. Skolen analyserer situasjonen, og tar alltid det faglege ansvaret. 

  1. Set inn eigna tiltak tidleg nok og følgjer opp.
  2. Laget rundt elevane har felles forståing, kompetanse og fleksible ressursar

Skolen er eit rigid system, der timeplanen og dei økonomiske ressursane styrer det meste av arbeids- og skolekvardagen til tilsette og elevar. Det kan vere til hinder for å legge til rette for elevar med ufrivillig skolefråvær og møte dei der dei er. Skolar som lykkast klarer å vere fleksible, legge til rette for eleven og vareta og/eller bygge relasjonar. Vi erfarer at lærarane er enormt viktige. Dei treng god kompetanse, støtte og hjelp frå kompetente skoleleiarar, som igjen treng støtte frå kompetente skoleeigarar. Ei tilgjengeleg og tydeleg PP-teneste og skolehelseteneste er ein naturleg del av laget rundt elevane.

1. Eleven har ein støtteperson på laget sitt

Elevar uttrykker at dei treng ein på laget sitt som dei stolar på, som trur på dei og som kan støtte dei og snakke deira sak. 

2. Følgjer opp elevane når dei ikkje er på skolen

Barn og unge treng å vite at dei ikkje er gløymde, at nokon på skolen bryr seg når dei ikkje er på skolen. Vi ser lærarar og skolar som er kjempegode på å oppretthalde kontakten og bygge relasjon til elevar som ikkje er på skolen. Relasjonar er limet mellom eleven og skolen.

Kjelder

[1] Kjeøy og Lysvik (2023): FAFO-rapport 2023:13: Kunnskapsstatus om bekymringsfullt fravær i skolen

Helsedirektoratet.noNasjonal veileder: Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier

 

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Hammerø, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal, tlf. 99 30 15 64

Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal, tlf.: 99 64 77 72

Powered by Labrador CMS